Her vaks Bjørnstjerne Bjørnson opp: " Her vokste mine inntrykk".
Nesset Prestegard var heimstaden til ein av Noregs største forfattarar og samfunnsbyggarar. Han kom til Nesset frå Kvikne som femåring. Han henta mykje inspirasjon frå Nesset til det han skreiv. Handling og miljø i bondefortellinga "Synnøve Solbakken" som vart gjeve ut i 1857, er tydeleg henta frå Nesset. Han avslutta også fortellinga "Arne" i Eikesdalen. Her var han på forlovelsestur med si komande kone Karoline Reimers i 1858.